|
Dø, om sådet gjelder
SALEN VAR FULL av journalistar. På ei scene i Grieghallen stod Irshad
Manji, forfattaren, muslimen, islamkritikaren frå Canada.
Publisert: 13. mai. 2007, 06:00
Oppdatert: 13. mai. 2007, 08:33
Ho snakka om Jihad og boka «Hva er galt med islam?» No ber ho
fjernsynsfotografane slå av kamera. Ho skal syne oss ein film, som - ifølgje
henne - kan utsetje henne for stor fare om han vert offentleggjort.
Vi
ser ein muslimsk leiar misse ansikt i løpet av dei sju neste minutta. Manji
har stilt Mohammad al-Hindi, leiaren av Hamas-grupperinga Islamsk Jihad eitt
sentralt spørsmål: Kor i Koranen står det at ein kan ta livet sitt for eit
høgare formål? Han blar i Koranen, ringjer folk, får inn assistentar, kallar
henne dårleg muslim. Til slutt finn han eit vers om krig.
Då
filmen er slutt, er det stille i salen, men ein kan også ane sjølvtilfreds
latter: Sjå på denne mannen. Så dum han er.
Manji
ser på publikum: «Bør eg vise denne filmen eller ikkje?» Ingen svarer.
Ute
i korridoren etterpå tek ho opp att spørsmålet: «Skal eg offentleggjere
filmen?». Nokre kvinner i forsamlinga seier at nei. Kven er vi til å be
henne risikere livet?
Brått høyrer eg meg sjølv: «Eg syns du skal».
Manji ser inntrengande på meg. «Kvifor?»
«Har du
ikkje gitt forklaringa sjølv? Du får alt takk frå muslimar over heile verda
for det du gjer».
Høyrest det hult ut?
SIDAN
TREFF eg henne igjen.
«Du har alt bestemt deg for å syne
filmen, har du ikkje?» spør eg.
Sjølvsagt kan eg ikkje
vite noko om det - eg kjenner henne ikkje. Eg veit ingenting om å bli utsett
for meiningane mine. Eg risikerer å bli dårleg likt - og verre - misse
vener. Men ingenting om å ta eit val som utset meg for fare. Irshad Manji
har alt tatt fleire skritt for å utfordra det ho sjølv trur på. Korleis skal
ho nokon gong kunne gå attende og ikkje framover? «Korleis visste du at eg
hadde bestemt meg?» spør ho.
Dagen etter høyrer eg
VG-teiknaren Roar Hagen snakke som om han var heroisk i karikaturstriden. Eg
greier ikkje å la vere å tenkje på kor smått det høyrest ut. Hagen er på
utsida. Manji er inni. Det er sine eigne ho gjer til latter. Ikkje dei andre.
KVEN
ER DET som er dum?
«Kvifor sleppte al-Hindi meg inn med
kamera?» Spurte Manji tolken då dei var ute frå Mohammad al-Hindi sitt
kontor.
«Han trudde du var nok ein dum vestleg journalist», svarte
han.

På forsiden nå:
Cecilia Brækhus levde opp til forventningene og slo latviske Olga Bojare
klart på poeng i sin tredje proffkamp i tyske Bamberg lørdag kveld.
LES MER : Sport
|
 |
Etter 75 blodfattige minutter var det endelig duket for den berømte
ketchup-effekten på Kleppestø kunstgress.
LES MER
: Fotball
|
 |
Da politiet ville stoppe motorsyklisten, klarte han å stikke av med fergen. Men
så gikk det galt.
LES MER : Hordaland
|
 |
På Stryn kan man stå på ski ned fjellsidene sommer som vinter, men ikke i
pinsen. Rasfare gjør at veien som fører til skisenteret er stengt.
LES MER : Sogn og Fjordane
|  |
30-åringen kjørte i grøften og meide ned et trafikkskilt på sin ferd i Os.
LES MER : Hordaland
|
|
|